Mål:
Få lyst til å bake sjølv i staden for å kjøpe flatbrød og lefser til eige bruk.
Verta i stand til å baka lefser og flatbrød på sitt eige kjøken.
Målgruppe:
Alle som har interesse og som er minst 14 år
Antall deltakere:
Instruktørane meinte at 12 stk.er max.
Eventuelle merknader:
Kurset vert halde på eit skulekjøkken.
Deltakarane deler seg i grupper på to, som bruker samme takka.
Deltakarane kjem ikkje til å bruke lærebøker, men får utdelt oppskrifter av kursleiarane.
1. samling
Antall timer med lærer: 2
Tema:
Om baking av forskjellige sortar lefse, og om baking av flatbrød.
Stikkord:
Kva deltakarane ventar seg av kurset, kva dei ynskjer å læra?
Gamle oppskrifter frå bygdene her omkring. Organisering.
Dei som har, må ta med seg takke.
Anna utstyr som alle må ha med, er:
kjevle, mjølkost, bakstpinne, kniv.
Arbeidsform:
Teori. Diskusjon. Erfaring frå deltakarar som har prøvd, men mislykkast. Erfaringar og gode råd frå instruktør.
Problemstillinger:
Korleis gruppa skal organisere seg når det praktiske arbeidet begynner?
Kva deltakarane må ha med seg til første samlinga med praktisk arbeid?
Potetsortar. Ikkje alle potetsortane eignar seg til baking.
Kvifor, og kva sortar bør ein velge?
2. samling
Antall timer med lærer: 3
Tema:
Ein eller to typar lefse
Stikkord:
Start med det som er enklast, viktig å kjenne at ein lykkast
Arbeidsform:
Demonstrasjon. Praktisk arbeid, laging av deig, steiking på takke, etterarbeid, t.d.smøring.
Problemstillinger:
Deltakarane har sannsynlegvis forskjellig erfaring i bakekunsten.
Det må vera rom for ein viss grad av differansiering i kva ein vil gje seg i kast med.
Oppbevaring av lefser
3. samling
Antall timer med lærer: 3
Tema:
Lefsebaking
Stikkord:
Prøve nye sortar, eller øve på det ein ikkje vart fornøgd med forige gong.
Diverse typar lefseklining(det ein smør lefsene med)
Arbeidsform:
Demonstrasjon. Praktisk arbeid, laging av deig, steiking, smøring
Problemstillinger:
Kva er årsaken til eventuelle mislykka lefser?
Får ikkje tak i rett sort potet?
4. samling
Antall timer med lærer: 3
Tema:
Flatbrødbaking, baking og steiking av flatbrød
Stikkord:
Oppskrifter blir gjeve av instruktør.
Diverse sortar flatbrød. Gode råd frå instruktør
Arbeidsform:
Demonstrasjon. Praktisk arbeid der to og to deler på ei takke
Problemstillinger:
Får ikkje tak i rett sort mjøl?
Korleis ein bør oppbevare flatbrød?
Litteratur/materiell for deltakerne:
Det er stort sett gamle oppskrifter frå bygdene her omkring.
Kurshaldarane brukar også ei bok som heiter:
"Bygdekvinna og vår gamle lefse og flatbrødtradisjon".Boka er oppskrifter samla av bygdekvinnelaga rundt om i landet.
Aktuell litteratur til støtte for lærer/instruktør:
"Bygdekvinna og vår gamle lefse og flatbrødtradisjon".Boka er oppskrifter samla av bygdekvinnelaga rundt om i landet.
Godkjenning:
Studieplanen er godkjent for bruk i Studieforbundet natur og miljø for inntil 11 timer med lærer.
Studieplannummer 1066 bes oppgitt når planen benyttes.
Godkjent dato: 1. mars 2011 Studiekonsulent: Odd Erik Randen